Tid for å lengte fram mot sommer og fellesskap slik Sigmund Årseth så fantastisk har skildra på maleriet som heng i Rogne kyrkjestoge. Håpsteikn å leve på gjennom siste akt (vonaleg) av koronaforsaking. Slik vi feirer med fest og god mat før vi går inn i fasta! Metter oss med håp og gode ønske før vi brettar opp armene.Fasten sitt mål er ikke å pine seg sjølv, men å trene våre sjelelege musklar. Bygge karakter heitte det i gamle dager. Løfte fram alt det gode vi bær i oss vil eg seie. For soknepresten tyder det å trene på rytme og utholdenhet når eg på nytt tek mål av meg til å starte dagen med å tenne lys og be for folk og bygd. Her blir det å merkast i nokre ord om dagens dyd! God fastetid. Sokneprest Eli Vatn.
Eli Vatn har fotografert Sigmund Årseth sitt maleri.